Barnehagen i Bryne Kyrkje

  • https://www.facebook.com/barnehagenibrynekyrkje/
  • 4349   Bryne
  • Tel: 51480236
  • Send oss e-post
Logg inn for å se alt innhold
Send e-post hvis du ikke får logget inn
  • Forsiden
  • Nyttige lenker
  • Åpningstider
  • Dokumentmappe
  • Bildegalleri
  • Gjestebok

Oppdatert informasjon Korona

    ( 15/02/2022 )

    Her er oppdatering frå 12022022

     

    Informasjon til føresette i skule og barnehage etter nye nasjonale føringer 12.02,2022

    Barn i barnehage, elevar i grunnskule og vidaregåande skule treng ikkje lenger testa seg om dei har symptom på covid-19. Føresette treng heller ikkje melda frå til skulen eller barnehagen om barnet deira vert smitta. Me kjem av den grunn ikkje til å halda fram med å senda ut melding til føresette ved smitte i ein klasse/avdeling.

    Barn og elevar må frå nå av ikkje halde seg heime i fire døgn om dei vert smitta med korona. Dei skal berre halde seg heime dersom dei er sjuke, og dei kan gå på skulen eller i barnehagen når dei har vore utan feber i 24 timer.

    Dei nasjonale føringane med oppheving av alle smitteavgrensande restriksjonar medfører ei forventa auke i smitte blant tilsette. Dette kan også fram i tid føra til store utfordringar med tilstrekkeleg bemanning. Om fråværet vert for høgt kan det bli aktuelt å redusera opningstid i barnehage eller stenga avdelingar. I skulen kan det verta digital undervisning for enkelte klassar/trinn, eller noko redusert opningstid i SFO. Om dette vert aktuelt vil det bli gitt informasjon til føresette til barna/elevane dette gjeld. Me vil berre redusera tenestene våre i dei tilfella der me ikkje har andre val, og me vil strekka oss så langt som mogleg for å oppretthalda normal drift.

    Les meir her:

    Mye smitte skaper utfordringer i barnehager og skoler - Hovedportal (time.kommune.no)

     Korona: Tilbake til en mer normal hverdag i barnehager og skoler (udir.no)