( 11/03/2020 )
Oppdatert informasjon om koronaviruset Time kommune følger situasjonen rundt koronaviruset tett, og følger anbefalingar frå Folkehelseinstituttet. Oppdatert informasjon vert kontinuerleg lagt ut på nettsida til kommunen. Karantene 7. mars kom helsemyndigheitene med nye retningslinjer for karantene i forbindelse med korona-viruset: Alle som har vore ute og reist i dei områda som Folkehelseinstituttet oppgjer at har vedvarande smitte, skal halda seg heime i karantene i 14 dagar etter heimkomst, sjølv om dei er symptomfri. Desse nye retningslinjene gjer at me frå og med i dag har tilsette/barn ved skulen/i barnehagen som er i karantene. Det at tilsette/barn er i karantene betyr ikkje at dei er smitta av koronaviruset sjølv. Karantenereglane er til for å avgrensa smittefaren, og dette tiltaket vert gjort for å vera føre var. Det er også svært lite sannsynleg at tilsette/barn som har vore symptomfri har smitta andre då dei var på skule/i barnehagen i førre veke, sjølv om dei er i karantene denne veka. · Her finn du Folkehelseinstituttet si liste over land med vedvarande smitte: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/omrader-med-vedvarende-spredning-av-koronaviruset-coronaviruset/ · Informasjon om karantene: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-til-personer-som-er-smittet-eller-har-vart-utsatt-for-smitte/rad-til-personer-som-er-i-hjemmekarantene/#hjemmekarantene |
||||||