( 03/07/2014 ) Me ønsker alle ein god sommar, og ei fin ferie!
Dei siste dagane i barnehagen har me halde til i peisestova, men i dag flytta me alt inn igjen i ein nyvaska barnehage. Barna synst det var stas å være nokre dagar i peistova, men no var det veldig gildt å få alle tinga på plass igjen slik det skal være! Barnehagen åpnar igjen 4. august, og etter planleggingsdagen den 13.08, kjem nye barn og familier til barnehagen. Førskulebarna som sluttar har lova å kome innom på besøk, det er alltid gildt når me treff igjen dei som har vore i barnehagen tidlegare. Nokre har og søsken som framleis går i barnehagen, og vil sikkert være med på henting innimellom. Uansett er alle velkommen innom på besøk i barnehagen, det sett me stor pris på! Me vil og takke for god oppslutning og tilbakemelding på brukarundersøkinga me var ein del av i mai! Flott at så mange tok utfordringa om å delta. Viss nokon har behov for å være i kontakt med barnehagen iløpet av sommaren kan de gjere dette via epost: bibk@time-kyrkja.no eller mobil 91332635. Me minner og om dugnaden 12.08, flott om mange vil møte på den!
DUGNAD OG DRØS TID: 12. AUGUST FRÅ KL 16.00 Me inviterer denne gongen både små og store til dugnad, og startar dugnaden med å servere pølse m/ brød og drikke..
Me håpar alle vil kome denne dagen, og bidra både med arbeid og drøsJ
Oppgåvene vil være; · Ny sand i sandkassene og rundt disser/ rutsjebane · Soping på uteområdet · Vinduspuss ute · Luking · Vasking av møbler inne
Flott viss nokon har anledning til å ha med kantklippar, kost, spade.. Påmelding heng i garderoba..
VELKOMMENJ
|
||||||